Kulturarven kan vera både mål, middel og motstandskraft i krig og konflikt. Tradisjonane og kunnskapen som utgjer grunnlaget for identiteten vår, er eit viktig og konstant haldepunkt i ei omskifteleg verd. I krig og konflikter blir ofte kulturarven bomba, vandalisert eller plyndra. Dette er som mål for å svekke identiteten til eit samfunn, tilhøyrigheita og tryggheita.

Men;  På same måte kan kulturarven vera samlande for eit folk, og styrke motstandskraften. Den kan òg fungere som noko som bitt tidlegare splitta folk saman. Noko vi kan foreinast om.

Meir enn 1 500 kulturminne og meir enn 2 400 andre kulturelle fasilitetar er øydelagde i Ukraina så langt. Av desse finn vi 145 «objekt» av stor nasjonal betydning, og 1 232 av stor lokal betydning. Kyrkjer og andre religiøse bygg. Museum. Bibliotek. Galleri. Arkiv. Konserthus.

Onsdag 3. desember mottok dei norske styresmaktene henstilling frå eit samla kulturvern i Norge – 32 organisasjonar med ca 270 000 medlemmar – om at ein må bidra med støtte til etablering og administrasjon av, og aktivitetar i regi av det nyetablerte Ukranian Culture Heritage Fund (UCHF).

Sjå linkane:

http://kulturarv.no/wp-content/uploads/2025/12/RAPPORT-pr-251114-UCHF-Nar-kulturarv-bli-krigsmal.pdf

http://kulturarv.no/wp-content/uploads/2025/12/251201-UCHF-HENSTILLING.pdf

Nå håpar vi i kulturvernet at initiativet blir godt mottatt, og at denne delen av den forferdelege konflikten blir løfta opp og fram.