
Hjerleid handverksskole og Senter for bygdekultur har søkt Fjellbanken om midlar til å vidareutvikle bygningsmassa, samt om å utvikle nye skuletilbod.
«Formålet vårt er drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet og vi meinar at Hjerleid også er ei sterk drivkraft i sitt arbeid med å formidle og ta vare på tradisjonshandverk. Det kjem heile regionen vår til gode og det heiar vi på», seier banksjef Unni Strand.
Foto: Sparebank 1 Lom og Skjåk
Hjerleid handverksskule er ein privat kulturarvskule med fag som smedfag, trearbeid, søm og tekstil, tradisjonsmaling og tradisjonelt bygghandverk.
Driftsselskapet på Hjerleid – Senter for bygdekultur – er eigar av, står for drifta av og held ved like alle lokala som skulen bruker.
Selskapet blir i si heilheit eigd av Stiftelsen Norsk Kulturarv.
Senter for bygdekultur er no eigar av så og seie heile bygningsmassa på Hjerleid, totalt ca. 10 000 kvadratmeter.
Dei siste bygga selskapet har overteke, har stått tomme sidan fylket sin vidaregåande skule forlet Hjerleid i 2016. Hjerleid handverksskule tilbyr, og er ansvarleg for undervisninga på Hjerleid. Skulen blir eigd av Studieforbundet kultur og tradisjon og Stiftelsen Norsk Kulturarv saman.
Hjerleid handverksskule og Senter for bygdekultur ynskjer å vidareutvikle både skulen sitt utdanningstilbod og det vaksande handverksmiljøet på Hjerleid. Dei har difor søkt Fjellbanken om midlar til både vidareutvikling av bygningsmassa, samt utvikling av nye skuletilbod. I tett samarbeid med opplæringskontor, næringsavdelingane og NAV i kommunane, søkjer Hjerleid å leggje til rette for at fleire unge og vaksne skal få utdanning og arbeid.
«Vi er glade for at Fjellbanken innvilgar beløpet vi har søkt om, og dermed gjer det mogleg for oss å realisere planane om vidareutvikling av Hjerleid – det vil gje positive resultat for skulen, næringslivet og heile regionen» seier Even Slette Hansen, rektor på Hjerleid handverkskule AS og Helle Hundevadt, dagleg leiar, Senter for bygdekultur AS.
Unni Strand seier vidare: «Som tidlegare uttrykt, er vi alle avhengige av tilflytting, heimflytting og bulyst for å ta vare på – og vidareutvikle distriktet vårt. Levande lokalsamfunn er avgjerande for å sikre framtida til bygdene våre og for å sikre framtidig kundegrunnlag for banken i norddalen. Vi er difor glade for å kunne bidra med til saman 4.150.000, – kroner i støtte til utvikling av Hjerleid handverksskule og Senter for bygdekultur».