Helle Hundevadt har dei siste 20 åra hatt ansvaret for opninga av Hjerleid-utstillinga. Ho hadde kontrollen i år også, – trudde ho.

Tekst og foto: Ove Kirkestuen. På bildet er Helle Hundevadt og Steinar Moldal

For etter at styreleiar i Norsk Kulturarv, Jørn Holme, hadde opna det heile, dukka assisterande statsforvaltar Sigurd Tremoen opp. Og han stod slett ikkje på Helle sin køyreplan! Men Tremoen greip mikrofonen og sette i gang. Han innleidde med å seie at det handlar mykje om krig og konfliktar i desse dagar, og at vi brukar milliardar på å verne oss mot fiendar. 

– Men vi treng også kunst, kultur og kulturarv for å byggje eit sterkare samfunn. Dei minner oss om kven vi er, kvar vi kjem frå, og kva som er viktig for oss. Ikkje minst treng vi personar som viser veg og tek kampen for kunst og kultur, sa Tremoen.

Etter kvart avslørte assisterande statsforvaltar Tremoen at han kom til Dovre på vegne av HM Kongen. Oppdraget var å heidre Helle Hundevadt for hennar eineståande innsats for Hjerleid handverksskole, Senter for bygdekultur, og for bevaring av kulturarven og handverkstradisjonane.

            – Ikkje minst har ho vore ei drivkraft i vidareføringa og revitaliseringa av den over 100 år lange tradisjonen med handverksutdanning på Hjerleid.

Tremoen nemnde også at elevane sine interesser og behov har vore viktige for Helle. Han fortalte at da ho vart rektor i 2004, var det berre éi klasse i treskjering med 6 elevar. I dag er det rundt 70 elevar.

  • Under hennar leiing har Hjerleid vakse til eit nasjonalt senter med eit breitt tilbod innan verneverdige handverksfag. Denne utviklinga har vore avgjerande for å vidareføre handverkstradisjonar, og samtidig har det skapt optimisme i lokalsamfunnet, sa assisterande statsforvaltar.

Tremoen nemnde også hennar initiativ til ulike kurs og møteplassar, som til dømes TREseminaret som har vorte eit nasjonalt samlingspunkt.

            – Ikkje minst har Helle skapt eit Hjerleid med hjerte; eit inkluderande fellesskap.

Tremoen fortalte også at HM Dronninga ved ulike høve omtalar Hjerleid i positive ordelag. I si oppsummering sa han at Helle Hundevadt sin innsats strekkjer seg langt utover det ein kan forvente.

            – Vi er sikre på at ikkje berre HM Kongen, men også HM Dronninga, deler denne oppfatninga. Uansett har HM Kongen bestemt at du, Helle Hundevadt, blir tildelt Kongens fortenestemedalje.

            Gratulerer! sa assisterande statsforvaltar, Sigurd Tremoen.

Dette utløyste ein applaus som truleg ingen annan dovring har opplevd maken til.

I si takketale sa hovudpersonen at ho er godt som blank innan handverk, men at ho har vore flink til å få med seg dei rette folka. Men ho hadde ikkje takka ja til rektorjobben ved Hjerleid handverksskole utan Steinar Moldal i ryggen.

            – Det var han som starta Senter for Bygdekultur, og heldigvis held han framleis koken. Difor fortener han og alle tilsette på Hjerleid ein medalje også. Kort sagt har eg hatt verdas beste jobb, og den største gleda er å sjå elevar blomstre, og som forlèt oss med heva hovud. For meg har trua på likeverd alltid vore ei drivkraft, men føresetnaden er gjensidig respekt, sa Helle.

Ho vedgjekk også at ho er utstyrt med eit ekstra gir; og at ho ikkje blir så sliten som mange trur. Dessutan tek ho aldri eit nei for eit nei. Sjølv om ho rundar 67 til hausten, er det ikkje snakk om å trappe ned. Utan frykt for å brenne ljoset i båe endar fyrer ho framleis på alle sylindrar, men i ei anna stilling. Sist haust tok ho nemleg fatt som leiar av eit 3-årig prosjekt med mål om å vidareutvikle Hjerleid til eit senter for skule og handverk.