
Norsk Smaksskule er superglade for å ha fått støtte frå Sparebankstiftelsen DNB til å drive prosjekt «Frå jord til bord»
Målet med prosjektet er å skape kunnskap og matglede for barn med fokus på råvarer direkte frå jord til bord. Vi skaper nye smakspreferanser med stoltheit for det lokale, og som ein del av vår identitet og kulturarv.
«Frå jord til bord» er eit pedagogisk opplegg der elevane observerer frøet frå det blir lagt i jorda til råvara ligg på bordet – frå frø til spiselege vekstar. Dei lærer om forkultivering, stell av planter, såing, planting, hausting, småskalaproduksjon og sist men ikkje minst berekraft.
Det heile er ei fantastisk reise i sansanes spiskammer.
Våren- og hausten 2025 har 5.trinn ved Brøttum barne-og ungdomsskole og Korsviken gård, samt Fjerdrum skole og Kolrud markedshage vore med på prosjektet. På vårbesøket fekk elevane vera med å så, plante og lære om forkultivering. På haustbesøket har Norsk Smaksskule med seg ein kokk, som saman med elevane lagar mat i kokegrop, bålpanne, steinomn etc.
Er du lærar på 5.trinn og har lyst til å bli med?
Ta kontakt med lene@kulturarv.no
Alt er tilrettelagt og gratis.