Home / 6 månads engasjement: Vil du vera med å ta Norsk Smaksskule vidare?

6 månads engasjement: Vil du vera med å ta Norsk Smaksskule vidare?

Del
Er du kreativ, nytenkjande og framoverlent? Vil du vera med å vidareutvikle Norsk Smaksskule? Vi søker offensiv og resultatorientert person i 6 månadars engasjement frå nyttår.

Om Norsk Smaksskule
Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv som tilbyr kurs for skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane. Dei siste åtte åra har vi kursa godt over tusen skule- og barnehagelærarar  gjennom vårt kompetansehevingsprogram. I tillegg har vi besøkt nær 200 skular og barnehager over heile landet. Norsk Smaksskule var i 2019 Norges kandidat i finala av Embla Nordic Food Awards i Reykjavik i kategorien barn og unge. 

Om stillinga

Covid-19 har gjeve utfordringar – no vil vi nytte tida til å sjå moglegheiter. Norsk Smaksskule skal gjennomføre eit intensivt prosjekt med fokus på innovasjon januar-juli 2020 og søkjer ein dyktig medarbeidar til dette i ei 60% stilling fram til og med juni. Det kan verta moglegheit for forlenging. Vi søkjer ein offensiv og resultatorientert prosjektmedarbeidar i engasjement som kan starte på stutt varsel – gjerne allereie frå januar. Medarbeidaren lyt vera viljug til å gjera varierte arbeidsoppgåver og ofte på stutt varsel.

Ser du på dette som ei spennande utfordring, send ein e-post om kvifor vi bør tilsette deg til tor@kulturarv.no. For spørsmål, ta kontakt med ein av kontaktpersonane.

 

Kontorplass i Vågå
Søknadsfrist: 18. desember

Erik Lillebråten                                                                        Tor Valdvik
Direktør, Norsk Kulturarv                                                       Prosjektleiar, Norsk Smaksskule
Tlf 909 71 257 / E: erik@kulturarv.no                                    T 951 76 019 / E: tor@kulturarv.no
 


Vil du vera med å spre matglede med Norsk Smaksskule?

 

Publisert 
Mandag, 7 desember, 2020
Les også 

Styreleiar, Kirsti Kolle Grøndahl og direktør, Erik Lillebråten sendte denne veka brev til Familie- og kulturkomitèen og Utdannings- og forskningskomitèen på Stortinget. Her kan du lesa brevet i sin heilskap. (Foto: Hjerleid)
Eit offentleg utval nedsett av regjeringa vil rive det dei kallar "spøkelseshus" i distrikta for å gjera distrikta meir attraktive. - Hjelp folk å redde husa istaden, seier direktør i Norsk Kulturarv. (Foto: Skjermdump NRK)
Ved nyttår vart det gjennomført eigarskifte på Olavsrosestaden Hoel Gård på Nes i Ringsaker. Da tek gardgut, Christian Fredrik Sandberg(t.v.) over saman med sambuaren sin, Sabine Sønstebø.(Foto: Kathrine Sørgård)
Er du Norsk Smaksskules nye kokkekompis som skal inspirere og formidle matglede til skolebarn over hele landet? Nå inviterer vi DEG til digital audition - vinneren får mulighet til å bli Norsk Smaksskules ansikt utad og får muligheten til å lage mat og filme sammen med Arne Brimi. (Foto: Ingrid Blessom / Norsk Smaksskule)