Kulturarven som regional utviklingskraft

Publisert 29.06.2012 11:05 av vevredaktør

Den 20. juni signerte styreleiar i regionrådet i Setesdal, Leiv Rygg og direktør i Norsk Kulturarv, Simen Bjørgen, samarbeidsavtale.

Ein av utviklingsstrategiane er å vere eit aktivum for landsdelen, og å vidareutvikle regionen som eit reisemål for heile landet og europeiske gjester. Det vil si å nytte dei særmerkte og stadbundne natur – og kulturressursane i utviklinga av nye opplevingar.

Dette vil føregå på fleire måtar – mellom anna med utviklingsarbeid langs reiseruta til fjordane i vest, gjennom matkulturprosjektet “Smaken av Setesdal” og medviten profilering mellom anna via Norsk kulturarv.

– Samarbeidsavtala markerar eit taktskifte for å løfte fram og aktivere den særmerkte natur–og kulturarven i Setesdal endå meir, seier styreleiar Leiv Rygg.


Ingen kommentarer »

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Samarbeidspartnere